Galleri

Fotograf: Bjørn H. Marthinussen
Ålfoten
Bjørn H. Marthinussen

Skriftstørrelse

a - a - a

Søk

   

Reglement

Ferske lokalaviser på biblioteket - Klikk for stort bilete

Alle med fast adresse i Noreg kan få lånekort. Barn under 15 år må ha underskrift av føresette for å få lånekort. Andre må vise legitimasjon for å få kort.

Utanlandske lånarar kan få eige kort, dersom dei enten har norsk personnummer, D-nummer (utanlandsk statsborgar som skattar til Noreg) eller DUF-nummer (innvandrarar og asylsøkjarar).

Adresseendring eller tap av kort må meldast til biblioteket. Lånekortet skal ein ha med seg for å låne. Lånaren er ansvarleg for alt materiale som vert lånt på kortet. Tap må erstattast etter biblioteket sine reglar. Lånekort blir sperra etter 4 purringar.

Lån til skuleklassar, skal ha ein lærar som ansvarleg for materialet og ev. tap skal erstattast av skulen.

Utlånt materiale kan reserverast om lånaren ønskjer det. Biblioteket kan fjernlåne bøker frå andre bibliotek, dersom vi ikkje har dei sjølv.

Lånaren er ansvarleg for all skade på materialet som er lånt på vedkomande sitt lånekort. Føresette er ansvarlege for borna sine lån.

Biblioteket er ikkje ansvarleg for skader som måtte oppstå på avspelingsutstyr.

Utanom biblioteket si opningstid kan bøker, video, osb., leggast i bokskapet i gangen!

Internett og PlayStation 4
Ein kan bruke Internett og PS4 inntil 30 min. Dersom ingen andre ventar på å bruke maskinene, er det høve til å sitte lenger.

Feil ved maskiner eller programvare skal meldast til personalet.

Utskrift (svart/kvitt) kostar kr 3,00 pr. ark. Over 20 stk. kr 1 pr. overstigande ark. 

Film
5 filmar kan lånast gratis i ei veke.

 
   

Kontaktinformasjon

Bremanger folkebibliotek
Postboks 104
6721 Svelgen
E-post : brembib@bremanger.kommune.no
Telefon
: 916 65 053

Kommunenr.
: 1438

Nyhetsfeed

Levert av ACOS AS
Login for redigering Login for redigering