Mangfaldsåret 2008

Kulturelt mangfald gjer Noreg større. Frå og med 2008 skal heile kulturlivet i Noreg spegla av kulturelt mangfald.Mangfaldsåret 2008 Regjeringa tilrådde i St.meld. nr. 17 (2005-2006) 2008 som markeringsår for kulturelt mangfald, noko Stortinget slutta seg til. Regjeringa ynskjer å ta eit samla grep om den statlege, regionale og lokale innsatsen for å fremja kulturelt mangfald som ein viktig dimensjon i kulturpolitikken. Frå og med 2008 skal heile kulturlivet i Noreg spegla av kulturelt mangfald Mangfaldsåret skal synleggjera og styrkja det mangfaldet som finst. Mangfaldsåret skal også stimulera til auka kunnskap og vyrdnad for kulturelt mangfald i institusjonar, media, politikken og i folket som heilskap. Dette skal oppnåast mellom anna ved: • nasjonal koordinering og lokal forankring av Mangfaldsåret • langsiktige tiltak for fleirkulturell rekruttering, kvalifisering og leiing • auka statstøtte til mangfaldsaktørar • auka løyvingar til Norsk kulturråd • statsstøtta kulturinstitusjonar vert bedne om å fokusera på mangfald Noregs internasjonale plikter Unesco slær fast at kulturelt mangfald er eit grunnleggjande særkjenne ved kulturarven og eit heilt naudsynt vilkår for fred og bærekraftig utvikling. SN slær fast at menneske kan ha fleire og komplementære identitetar. Vidare treng ikkje land å velja mellom nasjonal einskap og kulturelt mangfald. Undersøkingar syner at dei to omsyna kan sameksistera og faktisk ofte gjer det. Noreg har ratifisert Unescos konvensjonar om kulturelt mangfald, immatriell kulturarv og vern av kulturuttrykk. Mangfaldsåret 2008 følgjer opp Noregs internasjonale plikter og fell i hop med det europeiske året for interkulturell dialog. Mangfaldsåret er for alle I Mangfaldsåret vert det lagt vinn på samspelet mellom ulike miljø i majoritetsbefolkninga, urfolk, nasjonale minoritetar og innvandrarbefolkninga. Det norske er i endring, og vil halda fram med å endra seg i framtida. 2008 er kulturaktørane sitt år. Over heile landet vert det planlagt store og små aktivitetar og tiltak. Det vil verta avhalde konferanser, seminar, utstillingar, framsyningar, konsertar, kurs og festivalar med allsidig fokus på kulturelt mangfald. Følg med på www.kultureltmangfold.no for å sjå kva som skjer der du bur.
   

Bremanger folkebibliotek
Postboks 104
6721 Svelgen
E-post : brembib@bremanger.kommune.no
Telefon
: 916 65 053

Kommunenr.
: 1438

a - a - a