BIBLIOTEKET PÅ FACEBOOK!
Det er no sommaropningstider på hovudbiblioteket, dvs. at tirsdagane er heilt stengt, onsdag byrjar vi kl. 11.00. Men elles er vi her som vanleg!
På desse siden kan du finne praktiske opplysningar om biblioteket med filialar og tilsette.
Du finn også hjelp til prosjektarbeid og nettsider om litteratur, andre bibliotek og lokalstoff frå Sogn og Fjordane, spesielt Bremanger kommune.
I Webkatalogen vår kan du søke på bøker, lydbøker, filmar, musikk og dataspel som vi har på biblioteket. Finn du noko du likar, kan du reservere det. Dersom du loggar deg inn, får du oversikt over alle låna dine, og fornye dei dersom du ønsker det.
Du kan også velge om du vil søke i Hovudbiblioteket sin katalog, i Hauge filial sin katalog eller begge katalogane samtidig (Alle bibliotek). Du kan også sjå om boka på hovudbiblioteket er utlånt og kor lenge. Sidan filialen endå ikkje har utlån på data, vil ikkje dei utlåna vise i internettkatalogen. Filialen sine bøker vil derfor alltid ha status som “Tilgjengeleg på hylla”.
Dersom du har lånekort, kan du gå inn på Meg & Mitt, og administrere din eigen konto, reservere bøker, fornye lån osb.
På Aktuelt kan du sjå nye ting vi får inn til biblioteket, og kva folk nyleg har levert inn og lånt. På framsida i websøket, vil dei nyaste bøkene, DVD-ane og CD-ane vise i tekstboksane.
Kontakt oss her